Hopp til hovedinnhold

Carving out a space

Carving out a space er eit nytt prosjekt blant norske museum, universitetet og høgskular. I prosjektet skal vi utforske nye måtar å fange opp, utvikle, dele og formidle kunnskap på – på tvers av formidlingsformer, disiplinar og sektorar. Og vi skal utvikle nye, meir tilpassa delingsformat og forskingsmetodar.

  • 1/1
    Tegning av Christian Blandhoel, laget til Carving out a space

Fleire med

Prosjektet er støtta økonomisk av Kulturdirektoratet, og blir drive av Randsfjordsmuseet i samarbeid med fleire andre: Nasjonalmuseet, Nobels Fredssenter, Transtad Samlinger/Nasjonalt Senter for Outsider Art, Perspektivet Museum, Høgskolen i Østfold/Akademi for Scenekunst, Oslo Museum, Randsfjordmuseet, NTNU, Kristiania- Høgskolen og fagskolen – og Gudbrandsdalsmusea. Prosjektet er eit samarbeid i det nasjonale museumsnettverket for utforskande utstillingspraksis.

Ny kunnskap

Prosjektet har som mål å utvikle permanente strukturar for samhandling mellom museumsfeltet, forskarar og studentar. Spørsmål som vi løftar – og diskuterer – kan vere: Korleis engasjere fleire, nye grupper og miljø inn i formidlingsarbeidet? Er det mogleg å formidle kulturarven på andre nyskapande måtar – måtar som gjev varige spor og som kan avle fram ny kunnskap, ny forsking? Korleis kan musea utvikle ny kunnskap gjennom tverrfaglege samarbeid, og kva for (ubrukte) moglegheiter ligg i det unike møte mellom museumsromma, gjenstandar, tekstar, frivillige, publikum og ulike fagdisiplinar. Slike ting.

Med Carving out a space ynskjer vi å utvikle permanente strukturer for samhandling mellom museumsfeltet og forskarar og studentar. Gjennom å forankre teoretisk kunnskap i ein praktisk museumskvardag vil prosjektet løfte fram nye perspektiv og ny kompetanse.

Tittelen på prosjektet «Carving out a space» understrekar behovet i sektoren for å lage eit metaforisk rom der desse møta kan finne stad, på tvers av kunnskapar, geografi og institusjonstypar. Strukturer der ulike kompetansar kan kome i kontakt, og der vi kan utvikle metodar for det som er det særeigen ved den einskilde institusjon.

Kva held vi på med?

Her vil det snart kome meir info.

Museum24:Portal - 2025.07.11
Grunnstilsett-versjon: 2