Hopp til hovedinnhold

Fugletitting for små og store

Vi på Kittilbu treng hjelp til å holde styr på alle trekkfuglene som har landa i området i løpet av våren. Vi kaller derfor inn små og store fugletittarar til spanande fugletittedag med fuglegaranti!

  • 1/1

Det vil bli satt ut kikkerter ved flere punkt i setergrenda. Her vil du kunne sjå fuglar frå både våtmark, skog og kulturlandskap. Fugle-skjulet ved Kittilbutjern vil vere tilgjengeleg. 

Norsk ornitologisk foreining vil stille med kompetent mannskap. Dei vil bistå i snekring av fuglekasser som passar for fleire av dei mindre artane som gjerne nytter kasser. Dei svarar også på spørsmål om alt som er det minste fuglerelatert.

Kl. 12 blir det vandring med Jon Opheim for å høyre på fuglelyder. Høyrer du forskjell på blåmeis og blåstrupe?

Utanfor Kittilbu Utmarksmuseum fyrer vi opp bål og serverer kaffi med tilhøyrande.

Området rundt Kittilbu er et velkjent for dei fleste fuglevenar. Her kan ein treffe på artar som storspove, trane, gulerle, horndykker, lavskrike og myrhauk! Alt ligg med andre ord til rette for ein spanande dag!

Gratis inngang.

Dette arrangementet er en del av Oppdrag Fuglekasse 2021 som Naturvernforbundet, Norsk ornitologisk forening og Miljøagentene organiserer.

  • 1/1
Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1