Hopp til hovedinnhold

Naturkrise = Kulturkrise

Konferanse på Lillehammer 28. og 29. oktober 2024

Presset på naturen er større enn nokon gong. Kva gjer vi for å sikre ei berekraftig framtid for naturen – og menneska?

Nedbygginga av fjellet er ei aktuell problemstilling her heime. Rundt om i verda er det krig og uro. Over det heile trugar ei global klimakrise sjølvforsyninga og bevaringa av matjorda i mange land. Kva gjer vi for å sikre naturen og kulturen for framtida? Velkomen til konferansen naturkrise = kulturkrise på Maihaugen på Lillehammer 28.–29. oktober 2024. Til seminaret kjem James Rebanks – sauebonde og bestseljande forfattar frå England. Det same gjer bloggar og vaktbikkje Anders Nordstad, stjernekokk og Credo-eigar Heidi Bjerkan og mange, mange fleire.

Program

Måndag 28. oktober:

Øl, mat og mingling på Kjøpstaden

Tema 1: Kvinner, mat og innovasjon

Øl, mat og mingling på Kjøpstaden. 

19.00–22.00    Samtale med:

Anette Svastuen frå Sel er gardbrukar og turistvert, kjøttprodusent og dagleg leiar i Gudbrandsdalsmat. Anette i arbeidsgruppa i Matfylket Innlandet.

Heidi Bjerkan, kokk og driver av Michelin-restauranten Credo i Oslo. Årets kjøkkensjef i 2015, Ingrid prisen og Matprisen i 2017, og Kokkenes Kokk i 2019. Ambassadør for Bocuse d’Or.

Kathrine Kinn, sosiolog, forfattar og bonde på eit småbruk i Telemark. Tidlegare nestleiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag fra 2018 til 2020.

Underhaldning: Synnøve Brøndbo Plassen kjem frå Folldal og er ei av dei mest ettertrakta unge folkemusikarane i Noreg. Folkelarmprisen i 2022, vinnar av landskappleiken i 2023, nominert til Spellemannsprisen i 2024.

Tysdag 29. oktober:

Seminar på Maihaugen

Tema 2. Matberedskap og sjølvforsyning

09.00–09.55     James Rebanks, sauebonde og bestseljande forfattar frå Lake District i England. Rebanks kritiserer industrialiseringa av jordbruket og framsnakkar ein økologisk og tradisjonell tilnærming til matproduksjon. Rebanks er seminarets hovudtalar.

10.00–10.30     Anders Nordstad, siviløkonom, bloggar og vaktbikkje. På Anders Nordstad Blogg (50 0000 følgjarar) framsnakker han eit småskala familielandbruk, og kritiserer utviklinga med stordrift, kommersialisering og eigne merkevarer (EMV).

10.30–11.00     Pål Talmo, forsvarskoordinator mellom Trøndelag fylkeskommune, Ørlandet kommune og Forsvaret ved Ørlandet flystasjon, er oppteken av mat som beredskap. I ulike situasjonar, og særleg i ei tid med krig og politisk uro, er det viktig at vi som samfunn greier å forsyne oss sjølve med mat. Talmo snakkar om lokalmat som verdiskapar, kulturberar og beredskap.

11.00–11.30     Pause

Tema 3. Er det plass til alle?  

Samtale om reiseliv og allemannsrett mm

11.30–12.00     Innlegg om reiselivet som eit demokratisk gode og støtte til ei berekraftig og framtidsretta lokalsamfunnsutvikling. Foredragshaldar ikkje klar.

12.00–12.30     Vandring i naturen er godt for folkehelsa, men auka trafikk kan utgjere eit trugsmål mot naturen og dyra. Er det på tide å begrense allemannsretten? Innlegg ved Ingunn Elise Myklebust, professor ved Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen.

12.30–13.30     Lønsj 

Tema 4. Ei framtid for natur- og kulturarven?

14.00–14.30     Kulturminne er mål i krig og konflikt. For menneske på flukt kan tap av kulturarv kjennest som ei tilleggsbelastning. I lys av dei globale kulturminnetapa, kva blir strategien for å sikre og styrke vernet av vår eigen kulturarv? Innlegg ved Linda Veiby, konstituert avdelingsdirektør i Riksantikvaren med ansvar for beredskap, landskap og klima.

14.30–15.00     Landbruksindustrien veks, men småbruka blir lagt ned og utmarkene gror att. Korleis skal vi få til ei realistisk omstilling til beste for naturressursane, dyra, menneska og maten? Innlegg ved Hanne Fjerdingby Olsen, førsteamanuensis ved fakultetet for biovitskap ved Norges miljø- og biovitskaplege universitet, og leiar for NMBU berekraftsarena - Sustainable Food Systems.

15.00–15.30     Jorda skal mette 8 milliardar menneske. Saman med dei landlevande pattedyra utgjer menneska 96 % av den globale biomassen. Det gir ikkje mykje plass til dei ville dyra og den urørte naturen. Kva blir framtida for naturarven når stadig nye areal skal brukast til å brødfø oss menneska? Innlegg ved Carlo Aall, professor og leiande seniorforskar ved Vestlandsforsking.

15.30–16.00     Pause


Panelsamtale

16.00–17.00     Verda er ramma av krig og naturkrise. Korleis påverkar dei dramatiske hendingane i verda vår eigen kvardag? Korleis kan vi sikre ei berekraftig framtid for eigen natur og kultur? Deltakarar i samtalen er:

  • Prisvinnande kokk Heidi Bjerkan
  • Forfattar og bonde James Rebanks
  • Avdelingsdirektør i Riksantikvaren Linda Veiby  
  • Moderator: ikkje klart

Påmelding, pris, overnatting

STAD: Maihaugen, Lillehammer

TID: Måndag 28.— tysdag 29. oktober 2024

MÅLGRUPPE: Alle med interesser for utviklinga i fjellet og utmarka

PRIS: Kr 800 (inkl. lønsj)

PÅMELDING: Klikk her

PÅMELDINGSFRIST: 11. oktober

KONFERANSEHOTELL: Scandic Lillehammer Hotel. Lenke til bestilling her eller ring telefon 61 28 60 00. Referansekode BSTI281024.

ARRANGØR: Maihaugen, Valdresmusea, Randsfjordmuseet, Gudbrandsdalsmusea og Anno Museum

--

Konferansen er del av museumsprogrammet «Eit skigardsdele». Programmet har støtte frå Kulturdirektoratet.

Museum24:Portal - 2024.10.08
Grunnstilsett-versjon: 1