Hopp til hovedinnhold

Nettverk for utforskande utstillingspraksis

Om nettverket

Nettverk for utforskande utstillingspraksis (NUU) er eit felles møtepunkt for institusjonar og tilsette som arbeider med utstillingar og som vil delta i ein fagleg samtale om utviklinga av utstillingsmediet. NUU har fokus på utstillingsarbeid som prosessuelt, tverrfagleg og kollektivt, utvikla i skjeringspunktet mellom ulike museumsfag, publikum, rom og samfunn.

NUU har eit todelt føremål: Nettverket skal vere ein samlande og koordinerande arena for utvikling av metodar, problemstillingar og informasjonsflyt knytt til utstillingsmediet, både mellom institusjonar og i museumsutvikling. I tillegg skal nettverket fungere som ein konkret møtestad for råd og fagleg støtte i arbeidet med utstillingar ved museum rundt om i landet.

NUU arbeider på tvers av museumsfagområde og sjangrar, og knyter seg til natur-, kunst- og kulturhistoriske museum og til breidda av ulik fagkompetanse i musea. NUU er grunnleggjande tverrfagleg og utforskande, og vil utfordre etablerte siloar, rutinar, hierarki og profesjonsverdiar. NUU vil på denne måten ikkje berre arbeide med utstillingsprosessar isolert, men forstå korleis nye måtar å arbeide med utstillingar påverkar og fungerer innanfor museumssektoren i sin heilskap. NUU arbeider i skjeringspunktet mellom teori og praksis, og vil byggje på teoretisk så vel som praktisk kunnskapsutvikling og forsking.

Nettverket legg vekt på kunnskapsutveksling og samtalar på tvers av medlemmene, og dialog om utstillingsarbeid er ein sentral del av nettverket si funksjon.

Døme på problemstillingar vi jobbar med

·         Kva effekt har utstillingane for dei besøkande – eller for dei som ikkje besøker?

·         Kva sjangerforventningar har vi til utstillingsformatet?

·         Utstilling som prosess – det er når utstillinga står oppe at prosessen startar.

·         Samskaping, medverknad og fleirstemmigheit

·         Utstillingsarbeid og etikk

·         Utstillingsforsking, praksisforsking og utstilling som forsking

·         Tverrfagleg utstillingsarbeid – korleis fungerer dette eigentleg?

·         Profesjonsverdiar og utstillingsarbeid – kva kompetanse og erfaring er relevante?

·         Utstillingskritikk, evaluering og rapportering av utstillinger

  • 1/1

Korleis vi jobbar

Nettverket vil arbeide prosjektbasert. I perioden 2025–2027 vil Carving out a space vere hovudprosjektet til nettverket. Medlemmene i nettverket som ikkje deltek i prosjektet, vil bli inviterte til samlingane og kan fungere som ressurspersonar med innspel og deltaking i drøftingar.

Utover Carving-prosjektet vil nettverket gjennomføre eigne digitale møte og foredrag for å drøfte kasus, tematikk og prosessar knytte til utforskande utstillingspraksisar. Ansvar for tematikk og leiing av dei ulike møta går på omgang mellom medlemmene. Studieturar, deltaking i kvarandre sine prosjekt og utarbeiding av dømebank/ressursbank på nettsider er andre tiltak.

Nettverket har som mål å gjennomføre museumskonferansar kvart tredje år med fokus på utforskande utstillingsarbeid. Den første konferansen skal finne stad i 2027. Nettverksprosjektet Carving out a space vil ha ein naturleg del i konferansen.

Museum24:Portal - 2025.07.11
Grunnstilsett-versjon: 2