Foto: Anne Marit Noraker
Mellom alter og monter
Kyrkjene er mektige historieforteljarar – og kjelder til kunnskap om samfunnet i eldre tid. Kyrkjene er òg omdreiingspunkt for utvikling av ny kunnskap, og dei står stadig i sentrum for dialog om tilhøyr og fellesskap. Slik har kyrkjene stor betydning for forminga av også moderne identitetar.
Kyrkjene er heilage tempel, men dei har òg bidratt til forsking og kunnskapsutvikling – om alt frå kunst, musikk, arkitektur, samfunn og økonomi. Saman med musea og andre kulturarvseigarar forvaltar kyrkjene uerstattelege verdiar, og dei dannar eit grunnlag for vitskapen og forståinga vår av verden.
Valdresmusea, Randsfjordmuseet, kyrkja i Valdres og NIKU inviterer no til kyrkjeformidlingsseminar i Valdres. På seminaret undersøker vi kva vi kan oppnå med eit tettare samarbeid mellom musea og kyrkja. Korleis kan vi i fellesskap utvikle ny kunnskap om kyrkje, samfunn og kulturarv? Målgruppa er kyrkjeeigarar, museum, forskingsmiljø, forvaltninga, omvisarar, reiseliv og andre interesserte.