Hopp til hovedinnhold

Skakke folkedrakter

Skakke folkedrakter – ikkje ei draktutstilling

Utstillinga viser verk av Rafiki, Christian Blandhoel, Márjá Karlsen, Harald Beharie, Lin Wang, Håvard Kranstad.

Skakke folkedrakter er ei vandreutstilling frå Nasjonalmuseet, utvikla i samarbeid med ei rekke eksterne faglege og kunstnarlege rådgjevarar.

Visingsperiode på Hadeland Folkemuseum: 07.06.25-05.10.25

  • 1/1
    Skakke folkedrakter vist på Valdres folkemuseum i 2023. Foto: Andreas Harvik/Nasjonalmuseet

Mange har eit forhold til bunadar, kofter og folkedrakter. Dei tradisjonsrike plagga kan skape sterke kjensler av tilhøyrsle og stoltheit, men også av utanforskap, skam og sinne.

I den turnerande utstillinga «Skakke folkedrakter» er seks samtidskunstnarar invitert til å utforske og utfordre draktskikkar, identitet og handverkstradisjonar. I prosessen har dei undersøkt motsetningar og gått i dialog med handverkarar og kunnskapsberarar. Dei har skapt sine eigne uttrykk gjennom blant anna fotografi, vev, perlearbeid, porselen, installasjonar, instrument og dans.

Resultatet er ein hyllest og eit opprør – ei utstilling om drakter som er langt frå ei draktutstilling. Ei utstilling der drakter ikkje først og fremst er drakter, men symbol og idear som formar vår tid, vår sjølvforståing, våre relasjonar til andre og vår historie.

Nasjonalmuseet, Institutt for bunad og folkedrakt og fleire andre institusjonar og museum i Noreg tek no eit djupdykk i handverket og historikken knytt til bunad, kofte og folkedrakt. Utstillinga har blitt utvikla gjennom dialog på tvers av institusjonar og fagmiljø over heile landet. 

Bli betre kjend med kunstnarane her

Les meir om utstillinga på Nasjonalmuseet si nettside

  • 1/10
    Håvard Kranstad: "Koll-krone". Annar Bjørgli/Nasjonalmuseet
  • 2/10
    Håvard Kranstad: "Koll-krone", detalj. Annar Bjørgli/Nasjonalmuseet
  • 3/10
    Still frå Harald Beharie: "Leik"
  • 4/10
    Stillbilde frå Márjá Karlsens "Láigečála".
  • 5/10
    Lin Wang: "Bunad Tattoo Shop". Annar Bjørgli/Nasjonalmuseet
  • 6/10
    Lin Wang: "Bunad Tattoo Shop", detalj. Annar Bjørgli/Nasjonalmuseet
  • 7/10
    Christian Blandhoel: "Subnasjonal folkedrakt / Ny folkemusikk". Annar Bjørgli/Nasjonalmuseet
  • 8/10
    Christian Blandhoel: "Subnasjonal folkedrakt / Ny folkemusikk", detalj. Annar Bjørgli/Nasjonalmuseet
  • 9/10
    Rafiki: "Alene sammen, som perler på en snor", detalj.
  • 10/10
    Rafiki: "Alene sammen, som perler på en snor", detalj.
  • 1/1
    Flettebordet er ein del av utstillinga, og kan brukast av publikum. Her frå Valdres folkemuseum i 2023. Andreas Harvik/Nasjonalmuseet
Museum24:Portal - 2025.04.24
Grunnstilsett-versjon: 2