Hopp til hovedinnhold

Skeiv bygdehistorie

Randsfjordmuseet arrangerer i samarbeid med Valdresmusea seminar om skeiv bygdehistorie på Valdres folkemuseum den 13. oktober 2022.

Oktoberseminar 2022

13. oktober 2022 arrangerer vi seminar om skeiv bygdehistorie. Tema er dei skeive livshistoriene; til sjøs, til fjells, på teaterscenen, og blant dei som stelte krøttera på stølane og heime på garden. I arkiv og kjelder finn vi spor etter menneske – og skeive liv – i alle yrke, i alle bransjar og til alle tider. Kan forteljingane i arkiva hjelpe oss til å forstå fortidsmenneska på nye måtar? Kan dei skeive fortidsliva funke som førebilete også for oss som lever i dag?

Vi har sett saman eit program vi trur kan engasjere og berike. No håper vi på brei deltaking frå lokalbefolkning og tilreisande. Det er også mogleg å delta digitalt, men om du kjem på museet får du også oppleve teaterforestilling, god mat og gode samtaler. Påmelding så snart som mogleg via lenkene under.

TID: Torsdag 13. oktober 2022 

STAD: Festsalen, Valdres Folkemuseum 

OVERNATTING: Scandic Valdres eller Fagernes Camping

SPØRSMÅL? info@valdres.museum.no eller 911 03 969

Velkomen til Valdres Folkemuseum!

  • 1/1

Den anerkjente norsk-sudanske kunstnaren Ahmed Umar kjem òg til seminaret for å fortelje om arbeidet med den norsk-sudanske bunaden sin. Denne er for tida stilt ut som del av utstillinga «Fargerike fellesskap – kvitt raseri» på Valdres Folkemuseum. Foto: Signe Fuglesteg Luksengard

Program

09.00 Kaffi

09.30 Kunstnarisk innslag

09.45 Velkomen

10.00 Arbeidet med skeiv lokalhistorie // Marthe Glad Munch-Møller, Norsk lokalhistorisk institutt

10.30 Historia om stortjuven Lasse-Maja (1785-1845) // Sam Holmqvist, Södertörns högskola (digitalt frå Sverige)

11.00 Den fektande kvinna Janken Wiel-Hansen (1868‒1938) // Bodil Andersson, Østfoldmuseene

11.30 Lunsj

12.30 Skeivheit til sjøs // Bård Gram Økland, Bergen sjøfartsmuseum

13.00 Skeivt seterliv // Bjørn Sverre Hol Haugen, Norsk Folkemuseum

13.30 Kaffi og kake

14.00 Skeiv utan stigma. Peparmøene si historie // Tone Hellesund, Universitetet i Bergen

14.30 Å fortelje fortellinga om Noregs fyrste dragartist // Per Olav Torgnesskar, Museene i Akershus

15.00 Skakke folkedrakter // Samtale om skeivheit i kunsten med Ahmed Umar med fleire

15.40 Kort pause

16.00 Musikteater Unna viser teateret: «Maria Johansdotter – en transpersons historie»

19.00 Festmiddag på museet

Med atterhald om endringar

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1