Hopp til hovedinnhold

Ung i dialogen

Formålet med prosjektet Ung i dialogen er å auke sjølvtillit, engasjement og deltaking hjå ungdom. Prosjektet er ei vidareføring av prosjektet Ung i debatten, og er eit samarbeidsprosjekt mellom Valdresmusea, Gudbrandsdalsmusea og Randsfjordmuseet.

  • Yrkesopplæringskurs for ungdom i snekker- og bygningsfag
    1/1
    Yrkesopplæringskurs for ungdom i snekker- og bygningsfag på Jevnaker i 1937. Foto: Arthur Nielsen / Hadeland Folkemuseum Bildet er hentet fra digitaltmuseum.org - Lisens:

Formålet med prosjektet er å auke sjølvtillit, engasjement og deltaking hjå ungdom i dei tre regionane som deltek; Valdres, Gudbrandsdalen og Hadeland. Alle samfunn har sine sosiale strukturar og kontrollmekanismar som både kan fremje, men også hemme samfunnsdeltakinga hjå unge. Prosjektet søkjer å koma i kontakt med ungdom, gjennom skulen, ungdomsrådet, klubben eller andre møteplassar. Prosjektet strekkjer seg inn i klasserom og auditorium, men inviterer også ungdom ut for å oppleve samlingar, utstillingar, prosjekt, arkiv og aktivitetar.

Musea søkjer alltid å finne dei historiene som ikkje tidlegare er fortalt. I arkiva finns det store mangfaldet av historier om kven vi er. Gjennom systematisk dokumentasjon blir musea ein del av samfunnet sin kollektive hukommelse. For musea er det difor viktig å gjera unge merksame på dei demokratiske prinsippa som ligg til grunn for musea sitt arbeid, og ikkje minst, invitere ungdommen inn i arbeidet, tankegangen, samtalene og arkiva.

Som ein del av prosjektet vitjar Daniel Kvammen vidaregåande skular i alle tre regionar i oktober 2025, med foredraget "Guta som gret".

  • 1/1
    Elever fra Harestua skole besøker utstillingen Skakke folkedrakter. I tillegg til omvisning i utstillingen, gjennomførte elevene en diskusjonsoppgave. I diskusjonsoppgaven tok elevene stilling til ulike påstander knyttet til identitet og tradisjoner, fellesskap og utenforskap, gjennom et påstandsbarometer. Skakke folkedrakter er en turnerende utstilling fra Nasjonalmuseet.

Prosjektet Ung i dialogen er støtta av Sparebankstiftelsen DNB.