Hopp til hovedinnhold

Veien til stemmerett for kvinner i Norge

Det tok 27 år frå første forslag om stemmerett for kvinner vart lagt fram til den endelege endringa av Grunnloven § 50 vart gjort 11.juni 1913.

  • 1886: Første grunnlovsforslag om stemmerett for kvinner vart lagt fram.
  • 1901: Første gjennomslag. Avgrensa stemmerett ved kommuneval.
  • 1905: Kvinnene viser sitt ynskje om medbestemmelse ved underskriftskampanje angåande unionsoppløyinga 1905.
  • 1907: Avgrensa stemmerett ved stortingsval.
  • 1910: Samme stemmerett som menn ved kommuneval.
  • 1913: Endring i grunnloven:

«Stemmeberettige ere de norske Borgere, Mænd og Kvinder, der have fyldt 25 Aar, og som have været bosatte i Landet i 5 Aar og opholde sig der.»

Underskriftsaksjonen i 1890

I 1885 blir Kvindestemmeretsforeningen etablert av blant anna Gina Krog, Frederikke Marie Qvam og Anna Rogstad.

Det første forslaget for kvinneleg stemmerett vart lagt fram på stortinget av Viggo Ullmann, som var bror til ei av foreininga sine etablerarar. Dette forslaget kom det ikkje noko meir ut av enn at det skapte ei drivkraft for vidare kamp hos kvinnene.

Neste gong spørsmålet skulle opp til behandling ville kvinnene viste at dei var i stand til å vise politisk engasjement og sette i gong den første underskrivskampanjen. 4533 underskrifter fekk dei samla inn og det var mange kjente namn på lista: som til dømes Camilla Collett og Karoline Bjørnson.

Frå Land finns det to lister. Begge frå Søndre Land. Du finn dei på side 39 og 40 i dokumentet under:

  • 1/1

Underskriftsaksjonen i 1905

13. august 1905 skulle vere folkeavstemming i Noreg. Folket skulle svare ja eller nei til Stortinget sitt vedtak av 7. juni om oppløysning av unionen med Sverige.

Landskvindestemmerettsforeningen (L.K.S.F.) sendte ein oppmoding til stortingspresidenten om at kvinnene måtte få vere med å stemme. Dette vart avslått, og i staden sette L.K.S.F. igjen i gong prosessen med underskriftskampanje for å vise at kvinnene også hadde ein meining om denne saka.

Nesten 300 000 kvinner skrev under, og ga sitt ja til unionsoppløsninga. Til samanlikning var det 368 392 menn med stemmerett som deltok i folkeavstemminga.

1865 kvinner frå Land skreiv under i 1905. Namna finn du på listene her:

Underskriftsaksjonen i 1907

I 1907 skulle kvinneleg stemmerett på ny opp i stortinget, og endå ei ny underskrivskampanje vart satt i gong. Denne vart på ca. 18 000 underskrifter. Og det var lite i forhold til den store mobiliseringa i 1905.

Det var ein stor diskusjon på stortinget også i 1907, men den meste motstanden var no borte og spørsmålet var først og fremst om kvinner sin stemmerett skulle vere avgrensa eller ikkje. Valet falt på avgrensa og i ved stortingsvalet i 1909 var det 280 000 kvinner som for første gong kunne stemme. Dette var kvinner som hadde eigen inntekt eller formue.

Om aksjonen i 1907 hadde stor innverknad for eller mot er ikkje lett og si. Det store mobiliseringa i 1905 hadde uansett brøyta vei. Slik at i 1913 hadde ein gått alle trinna og ingen motstand var igjen. Alle partia hadde programfesta allmenn stemmerett for kvinner og menn for stortingsvalget same år.

Museum24:Portal - 2024.03.19
Grunnstilsett-versjon: 1